Finn fram finstasen

Av: T-riise Dato: 12. april 2017

Dress er klassisk, men absolutt ikkje kjedelig. Her er våre stylingtips.

Til festlige anledningar er svart, blå og grå dress aldri feil. Det er klassiske fargar som passar til dei aller fleste anledningar. Skal du kjøpe ein ny dress kan det vere fornuftig å kjøpe ein av desse tre fargane.

svart 5blå 4grå 5

Styling
Rett styling av dressen kan ta antrekket frå fint til utsøkt. Skal du bruke dress fleire gonger den neste tida, kan du bytte på  tilbehøret for variasjon. Dette gir antrekket vidt forskjellige uttrykk, sjølv om du nyttar same dress.

Kvit skjorte passar til alle dressar, og gir rom for all type styling. Likevel kan ei farga skjorte gi ein veldig stilig look. Bruk for eksempel lyseblå skjorte til marineblå dress, eller ein farge som skapar ein kul kontrast.

grå 2

Dei fleste nyttar slips, men det er flott å variere med ei sløyfe i blant. Kombiner slips og sløyfe med lommetørkle for heilheit. Her kan du anten matche både farge og mønster, eller skape kontrastar. Kombiner striper og prikkar, og bruk fargar som skapar ein stilig kontrast.

blå 1

Mansjettknappar er eit must til dressen. Dette er ein liten, men viktige detalj. Varier mansjettknappane etter stilen på antrekket ellers. La gjerne mansjettknappar og klokke, sko, og belte matche.

svart 2

Fargen på dresskorne er veldig viktig å vere medviten om. Til svart dress bør du berre bruke svarte sko, men til grå eller blå dress kan du bruke både svarte og brune sko. Bruk alltid belte som matchar skorne. Vil du variere litt, kan du nytte sneakers til dressen. Her er det likevel viktig å hugse på at det skal sjå fint ut uansett. Vel reine, stilreine sneakers.

grå 4grå 1svart 6svartblå 3stripa 5stripa 2

Les også:
Sjekkliste for dress
Slipsknute: Dobbel windsor