Historia

Riise og Strømme

Riise og Strømme T-riise AS starta opp i 1956, då under navnet Riise og Strømme. Johannes J. Riise starta saman med Børre Strømme ein butikk som skulle selje klede og stoff som metervare.

Terje J. Riise

I 1970 kjøpte Terje J. Riise butikken og endra navnet til T.Riise AS for å modernisere og forbetre butikkens utval. Han satsa på rett vareutval og knallhardt fokus på kvalitet for å imøtekome kundane sine ønsker. 

Johs Chr. Riise

I 1996 tok Johs Chr Riise over drifta av butikken og 2 år etter blei det gamle lokalet rive og eit nytt bygg vart sett opp. Sidan 1998 har butikken hatt tilhald der og tatt eit nytt steg for å halde i hevd tradisjonane frå tidlegare tider og fokuset på utval og kvalitet består i aller høgste grad.