Slipsknute: Dobbel Windsor

Av: T-riise Dato: 27. oktober 2016

Det moderne slipset har eksistert sidan 1924. Ein kan få slips i alle regnbogens fargar, i ulike mønster, og av ulike stoff. Det er eit slips for ein kvar smak og ei kvar anledning. Likevel er det ikkje alltid like lett å hugse korleis det skal knytast. Her har vi laga ei oppskrift på den klassiske dobbel windsor-knuten!

Slik gjer du:

1.Legg den breie enden over den korte, og ta den opp gjennom mellom halsen og den uferdige knuten, og ut på oppsida.

2. Ta den breie enden opp mellom halsen og knuten. Så tek du den breie enden ut og over den uferdige knuten, lag ei løkke og tre den breie enden gjennom løkka.

3. Stram til, og vips, du har ein dobbel windsor-knute!

 

Då er du forhåpentligvis klar! Vi vonar at det no vert litt mindre kaos før barnedåpar, bryllaup og andre store hendingar! Hugs at øving gjer meister, så det er berre å prøve på ny om fyrste forsøk ikkje vart suksess.

dobbel-windsor