Sjekkliste: Dress

Av: T-riise Dato: 5. desember 2016

svart

Vi er inne i ei tid for mange festlige anledningar. I mange tilfelle er dress einaste alternativ. Gå gjennom sjekklista vår og forsikre deg om at dressen sit like fint i år som i fjor.

 

Jakka

Dressjakka må fyrst og fremst vere i rett storleik.Størrelsen er bestemt av brystkassa og skuldermål. Når dette er riktig og komfortabelt er det lurt å sjå om ermlengda er for lang eller for kort. Det skal helst vere nokre centimeter frå den øverste knoken på tommelen og opp til ermet. Noko anna som er viktig er ordentleg skjorte under. Mansjetten på skjorta skal stikke eit par centimeter nedom ermet. Pass i tillegg på at dressjakka ikkje er for trang. Saumen skal følge utsida av skuldra. Du bør også kunne lukke den øverste knappen på dressjakka.

jakke

 

Buksa

Storleik er så klart viktig når det gjeld dressbuksa også. Smal passform er veldig i tida, men buksa skal ikkje vere for trang. Du bør alltid ha eit par centimeter å gå på i låra. Den skal sjølvsagt ikkje vere for vid heller, men den skal vere behagelig.

Lengda på buksa må varierast etter passforma. Klassiske bukser når ned i gulvet når du står barføtt, eventuelt bør dei ende ved skokanten. Har du smal bukse bør den slutte rett på skoen eller eit par centimeter over. Du bør i tillegg ha spisse sko når du brukar dressbukse.

sko

 

Skjorta

Vi skal ikkje gløyme skjorta. Her er det mange passformer å velje i, og du bør velje den som passar best til kroppstypen din. Likevel er det viktigaste å finne ei skjorte du er komfortabel i. Prøv ulike passformer og finn din favoritt. Ellers må du tenkje over korleis skjorta sit rundt halsen. Det bør vere plass til ein finger mellom halsen og snippen på skjorta. Då er det plass til slips eller sløyfe! Dette er i tillegg veldig viktig fordi skjorta kan krølle seg om den er for vid i halsen.

skjorte

 

Tilbehør

Sløyfe er frå tid til anna ein sterk trend, men slipset er ein tidlaus klassikar. Vel slips eller sløyfe som passar stilen og fargen på dressen. Eit lommetørkle er i tillegg ein flott detalj. Her kan du anten velje eit i same fargeskala, eller eksperimentere med fargar og mønster om du er den vågale typen. Mansjettknappar og slipsnål er lett å undervurdere, men gir antrekket noko ekstra.

mansjettknappar