Sommarmote 2017

Av: T-riise Dato: 7. juli 2017

Endeleg er det ferie og sola tittar fram med jamne mellomrom. Ta ein kikk på nokre av våre sommarfavorittar.

Sunnmørsk sommar er ikkje berre t-skjorte og shorts, men vi får heldigvis bruk for det også i blant. I tillegg er jeans og skjorte gode alternativ på dei litt kjølige dagane eller på kveldane. Topp antrekket med ei lett vindjakke eller ei stilig skinnjakke.

Blått er ein viktig farge i sommar, og er brukt på bukser, t-skjorter, jakker og skjorter. Miks ulike nyansar av blått med basefargar for ein gjennomført stil. Eit anna alternativ er å nytte blått saman med sterke fargar for gi eit friskt antrekk. Print har vore populært den siste tida, og trenden fortsetter i sommar. T-skjorter, gensarar, og skjorter med print tek enkle antrekk til nye høgder.

aå1fgtuå33å29å31wyå4å9noå6å18qcjå22

å16