Ta vare på dressen

Av: T-riise Dato: 16. februar 2017

dress cover

Det er viktig å ta godt vare på dressen mellom slaga. Her har vi samla nokre enkle tips til vedlikehold av dressen.

1 Oppbevar dressen i dresspose
Dette er viktig. Invester i dresspose som vernar dressen frå støv, lukt og røyk. Mange dressposar er ofte laga for å bli bretta og har lommer til oppbevaring av mansjettknappar og anna tilbehør. Det er med andre ord veldig praktisk og kan spare deg for plass i klesskapet. Ikkje minst ligg det samla og er lett å finne att.

shutterstock_323531099

2 Bruk klesrulle (klesbørste)
Skaff deg ei klesbørste, helst ei lobørste, for å fjerne hår, støv og smuss frå dressen. Slik får du tatt ein finpuss før du skal nytte dressen, og etter at du er ferdig med anledninga. Eventuelt kan du bruke ein limrull. Denne er lett å få tak i til ein grei pris.

shutterstock_367356665

3 Fjern flekkar forsiktig
Det er ofte mykje mat knytt til anledningane vi nyttar dressen i. Frå tid til annan  vil du søle den til, dessverre. Då er vårt råd å få den kjemisk rensa. Å fjerne flekkar sjølv er eit sjansespel. Står du likevel på bakrommet i kyrkja og oppdagar ein flekk kan du dyppe ein klut i varmt vatn og skrubbe veldig forsiktig. Behandle alltid dressen med stor forsiktigheit.

4 Vask og rens sjeldan
Dei aller fleste dressar kan rensast, men ein treng ikkje gjere det så ofte. Det meste av lukt vil forsvinne om den får henge til lufting.

Det beste er å rense dressen så sjeldan som mogleg sidan rensing slit på plagget. Damping og lufting av plagget anbefalast, med mindre ein flekk ikkje går bort ved hjelp av dette.

5 Bruk lommene minst mulig
Dette høyrest kanskje rart ut, men ver forsiktig med å putte ting i lommene på både buksa og jakka. Det kan påverke siluetten, og i tillegg slite og strekke på stoffet. Dersom du likevel må ha med mobil, bilnøklar eller liknande, og ikkje har annan stad å oppbevare det, er innerlomma beste alternativ.

6 Heng opp dressen etter bruk
Dette er alfa og omega. Vi gjentek, alfa og omega. Heng alltid opp dressen etter bruk. Det er i tillegg lurt å investere i kleshengere som skånar skuldrane på dressen. Dei fleste dressar av kvalitet er leverte med gode hengarar så be alltid om å få med denne når du kjøper dress.

Som nemnt tidlegare vil lukt og småtteri forsvinne om dressen får hengt til lufting. Det same gjeld rynker og slikt. La den henge og lufte seg, så ordnar det meste seg og den er klar  til neste gang.